Reisebrev fra NACS-konferansen 2021

21.10.2021

Skrevet av Ellinor Larsdotter Svisdal, som fikk reisestipend fra NFKS

Grunna stipend frå NFKS vart det muleg for heldige meg å delta på denne konferansen. «Bevæpna» med pass, vaksinepass, to rykende ferske negative koronatestar, var eg klar til å innta Island. Intersectionality in the field of Sexology var temae som skulle kastas lys over desse dagane. 

Diskriminering kan vera samansett av mange faktorar som kjøn, etnisitet, alder, klasse, funksjonshemmingar identitetar og ulikskapar og korleis desse faktorane verkar i lag. 

Konferansen starta med foredrag av ei kvit, fysisk funksjonshemma, lesbisk, yrkesaktiv kvinne i Island, som er deltids rullestolbruker med personleg assistent, aktivist og underviser, student, mor til ein 2 åring og talsperson for Tabú. Da var dagsorden for dei neste dagane satt, og vi fekk til fulle erfare og lære om temaet for konferansen. Mange flotte foredrag, som gjer at eg kjenner at eg har fått påfyll, friska opp kunnskap, ny sannkjenning og ettertanke 

Sannkjenning om at vi har ein lang veg å gå, mange kampar å kjempe før vi kjem dit at alle har sine seksuelle rettar uavhengig kjøn, etnisitet, alder, klasse, funksjonshemmingar identitetar og ulikskaper. Kanskje er dette ein kamp vi aldri blir ferdig med.

Tankane eg sit att med frå NACS i Reykjavik er likevel er eit imponerande inntrykk av at det er veldig, veldig mange høgst oppegåande, hardt arbeidande flotte, kompetente mennesker/kvinnesker som ufortrødent arbeider med å gjera livet, også det seksuelle betre for alle. 

Styret på festmiddag i Perlan, som var ei oppleving både gastronomisk, visuelt og sosialt. I desse flotte omgjevingane kunne vi også få gratulere Tore og Silje-Håvard med nye autorisasjonar!